Kanskje har du vore i ein situasjon der det har vore nødvendig å søka om kortsiktig finansiering. Det er ikkje noko feil i å trenga finansiering, men problem oppstår gjerne først om:

  • Inntektene dine blir reduserte, og låna blir uhandterlege
  • Gjelden blir større kvar einaste månad
  • Eitt forbrukslån blir til fleire

Du er ikkje åleine, og det finst moglege løysingar. Ved å samla lån og kredittar i eit Eika Smålån vil du kunna få god oversikt og kontroll. Ta kontakt med banken din for å diskutera moglege løysingar, eller prøv ut søknaden vår for å sjå kor mykje du kan spara.

Samle lån og spar pengar

Det er fort gjort å mista oversikta om du har fleire forbrukslån med ulike forfallsdatoar. Hugs at du alltid kan komma til oss for ein rådgivarsamtale. Som den lokale banken din kjenner vi deg godt – kanskje har du bustadlån og forsikringar hos oss frå før – og vi veit ofte kva som vil vera lurt i situasjonen din. Løysinga vil i mange tilfelle vera å samla lånene dine i eitt enkelt lån. Du som har ledig sikkerheit i bustaden din, kan baka det inn i bustadlånet. Husk berre at det lønner seg å nedbetala fortare, og at det kan bli dyrare dersom du nedbetaler smågjeld over, til dømes, 25 år.

Nå er det ekstra viktig å ta vare på økonomien sin.
Eika Smålån er tilbodet vårt til deg som vil refinansiera forbrukslån og kredittkortgjeld i eit lån utan sikkerheit. Eit lån utan sikkerheit betyr at vi ikkje tar sikkerheit i bustaden din eller andre ting du eigar. Eit usikret lån er noko dyrare enn eit sikra lån, men kan vera ei fornuftig løysing dersom dei låna du ønsker å refinansiera har høgare rente. Ved å samla alt på éin plass vil du:
  1.  Spara pengar
    Vi tilbyr låg etableringskostnad og ein av dei lågaste rentene i marknaden. Lågare terminkostnader og gebyr gjer at dei månadlege utgiftene søkk, og du kan velja å betala ned lånet raskare
  2. Få bedre oversikt
    Med all gjeld samla hjå oss har du éin dato, éin sum og éin bank å ta omsyn til. Det gjer det lettare å planleggja kvardagen og ha kontroll på økonomien.

Slik søkjer du om refinansiering

  1. Fyll ut søknaden og send inn
    Opplysningane du legg inn i kalkulatoren, blir tekne med vidare til søknadsskjemaet.
  2. Få tilbod
    Dersom søknaden din blir godkjend, får du eit tilbod om finansiering rett etter at du har sendt han inn. Tilbodet varer i 30 dagar.
  3. Signer lånedokumenta med BankID
    Du kan òg signera med BankID på mobil.
  4. Vi betaler ut og ordnar opp for deg   
Sjekk pris og søk om Eika Smålån her