Hopp til innholdet
father and son cradling piggy bank of future savings
Smart sparing i tøffe tider. Slik kan du redusere utgiftene utan å ofre tryggleiken.
Tips- og rad

Nokre sparetips kan koste deg dyrt

Å spare pengar er lurt, spesielt i desse tider med høg straumpris og aukande rente. Men nokre gonger kan sparetips vere litt for drastiske og ende med å koste deg meir. Her er nokre vennlege råd for å spare pengar, utan at det går på akkord med tryggleiken.

Når prisen på straum er høg og utsiktene til lågare rente lar vente på seg, kan det vere freistande å finne nye måtar å spare pengar på. Men nokre gonger kan det gå ut over tryggleiken og ende med å koste deg meir enn det er verdt. I denne artikkelen deler vi derfor nokre enkle råd som gjer at du kan halde budsjettet i sjakk og ta vare på din og familien sin tryggleik samtidig.

6 tips til trygg sparing

1. Lad elbilen på ein trygg måte

Viss du har ein elbil, er det viktig å lade den på ein trygg måte. Ein stikkontakt er ikkje laga for å lade elbilar, og det kan vere farleg. Invester heller i ein eigen ladestasjon heime. Den kostar nokre tusenlappar, men gir deg tryggleik mens du søv.

2. Pass på når du fyrer med ved

Å fyre med ved er ein koseleg og god måte å varme opp huset på. Men hugs å bruke tørr ved og ha god trekk i omnen. Då unngår du pipebrann, og kan kose deg med peisvarmen utan bekymringar.

3. Skal du reise bort? Hold varmen på i huset og steng hovedkrana

Å skru av varmen for å spare på straumen, enten heime eller på hytta, er ikkje alltid lurt. Har du innlagt vatn på hytta, er det ekstra viktig at du har noko varme på i hytta for å unngå vasskadar. Spesielt kjøkkenet bør haldast varmt. Ikkje hald varmen lågare enn 8-10 grader, sjølv om du vil spare straum.

Skal du reise og bli borte ei stund, er det samtidig lurt at du stenger av hovudkrana. Det er ein enkel og effektiv måte å hindre dei verste vasskadane på.

Les også: Unngå frostskadar i vinter

4. Sjekk varmtvasssberederen

Sørg for at varmtvassberederen er godt vedlikehalden og ikkje har nokre lekkasjar.

5. Reins og bytt filteret på varmpepumpa

Har du varmepumpe bør denne støvsugast ein gong i veka. Er det lenge sidan du har bytt filteret eller fått ein service på den, bør du gjere det. Då fungerer den meir effektivt.

6. Ikkje kutt ut forsikringa

Sist, men ikkje minst, er det viktig å ikkje kutte ut forsikringa for å spare pengar. Å vere forsikra gir tryggleik i ei usikker tid. Ta heller ein prat med oss om dekningssummen, så finn vi ei løysing som passar for deg.

Viss du følgjer desse enkle råda, kan du spare pengar utan å gå på akkord med tryggleiken.

Du kan påverke forsikringsprisen

Skadeførebyggjande tiltak som godkjente alarmar, el-kontroll og vassstopp kan gjere forsikringa di billegare.