Ein stor del av vaksenlivet går ut på å ha økonomisk balanse. Inntekta skal matche utgiftene. Kanskje klarer du å spare litt? Kanskje kan du til og med få råd til ein båt eller ei hytte med litt hjelp frå banken? Og så ser du føre deg idylliske studer saman med kjære og nære. Men korleis står det til i den andre enden av skalaen? Kva skjer med livskvaliteten din den dagen du blir ute av stand til å jobbe? Marginane mellom oppfylte draumar og eit strevsamt liv kan vere forunderleg små.

Det skjer ikkje meg
Vi menneske er heldigvis såpass optimistiske at vi ikkje går rundt og fryktar alvorleg skade og sjukdom på dagleg basis. Men statistikken viser at det er lurt å ha ein plan i tilfelle ulukka likevel skulle vere ute. Tal frå NAV viser nemleg at så mange som 318.000 personar mottok uføretrygd i fjor. Talet på mottakarar av uføretrygd sett i forhold til befolkninga var 9,5 prosent per 30. desember 2016. Dette er ein monaleg større del enn vi likar å tru. Lever du i eit parforhold, tyder desse tala at det er heile 15 prosent sannsyn for full uførleik for éin av partane, medan de er i alderen 20 til 50 år.

Kva får du å leve av, eigentleg?
Når vi forsikrar bil og bustad er det for å unngå ei stor økonomisk påkjenning om desse skulle gå tapt. Når det kjem til personskade, sjukdom og død, verkar det økonomiske aspektet litt uhøyrt å snakke om. Den emosjonelle børa er naturlegvis det første vi tenker på. Men om du skulle oppleve eit alvorleg inntektstap kan ei vond bør bli endå tyngre å bere. Som ufør får du mellom 33 og 66 prosent av di tidlegare løn i uføretrygd frå folketrygda. Avhengig av kva for uføreforsikring du kjøper, kan du sikre deg 80-100 prosent av inntektstapet. Det bidreg forhåpentleg til ei langt større ro i ein krevjande situasjon.

Ein stabil kvardag - uansett kva
Den krevjande omstillinga og sorga som gjerne følgjer med det å bli ufør er meir enn nok å uroe seg over, om ein ikkje skal måtte slite for å få det økonomiske til å gå opp også. Eit slikt inntektstap har innverknad på kvardagen til både deg og familien din. Uføreforsikring sørgjer for at du kan ha ein trygg og føreseieleg økonomi, sjølv om du skulle hamne i ein situasjon der du ikkje er i stand til å jobbe. Difor er dette kanskje ei av dine viktigaste forsikringar. Snakk med din lokale rådgjevar om uføreforsikring, og om heilskapen i dine forsikringar. Dess yngre du er, dess viktigare er kjøp av uføreforsikring for deg. Dette fordi ytingane frå folketrygda er basert på talet på år i arbeidslivet og di løn.