Ei heilårs reiseforsikring gjeld som normalt til alle destinasjonar som ikkje er omfatta av reiseråd. Dersom det likevel foreligg  foreliggerreiseråd ved avreise, som ikkje forelåg då reisa blei bestilt, gjeld følgjande:

  • Avbestilling av reisa blir erstatta.
  • Avbestilling utan at det foreligg reiseråd, blir ikkje erstatta, med mindre du er blitt sjuk rett før avreise.
  • Dersom flygningen din til eit land nært eit land i krig, blir kansellert som følgje av situasjonen, utan at det foreligg reiseråd til landet, må dette dekkjast av flyselskapet ditt.
  • Dersom du oppheld deg i eit land, og det seinare blir reiseråd innført til landet, dekkjer reiseforsikringa kostnader til evakuering.

Nedanfor er eksempel på utgifter som ikkje vil vere dekte i land som UD har utferda reiseråd til:

  • Kostnader eller utgifter i direkte tilknyting til konflikten, for eksempel kansellerte fly, forlengde opphald eller liknande.