Kva forsikringa erstattar
Dersom du har kjøpt ei reise til Kina eller Hong Kong før 17. februar 2020, dekkjer reiseforsikringa di avbestilling av reise og opphald, men avbestillinga må bli gjort innan 15. mars 2020. Eit forbehold er at forsikringa må vera kjøpt i Eika Forsikring før 17. februar 2020.

Utenriksdepartementet fraråda den 17.02.2020 reiser til dei områda i Kina der koronaviruset antas å ha sitt utspring, altså Hubei-provinsen i Kina. Det er viktig å vite at reiseforsikringa ikkje gjeld dersom du vel å reise til området, på tross av UDs offisielle reiseråd.

Hugs også at reiseforsikringa berre dekkjer det du ikkje får refundert frå reisearrangøren, derfor ber vi om at du tek kontakt med flyselskap/reisebyrå før du kontaktar oss.

Avbestilling av reise i Europa
Italienske myndigheiter har innført restriksjonar i delar av Nord-Italia som følgje av spreiinga av koronaviruset. I Lombardia (inkludert regionhovudstaden Milano) held blant anna museum, skular og universitet stengt, og sports- og kulturarrangement er avlyst. Tilsvarande tiltak er innført i Venezia der også karnevalet er avlyst.

Me har forståing for den frykta dette skapar, og at fleire nå ønskjer å avbestilla sine planlagde reiser. UD har foreløpig ikkje utstedt eit reiseråd vedrørande reiser i Europa, og derfor dekkjer me diverre ikkje avbestilling til andre stader enn Kina.

Skal du til, eller oppheld du deg i eit område i Italia der det er innført inn- og utreiseforbod, og treng hjelp frå oss, kan du ta kontakt med oss på telefon (+47) 915 03 850.

Reiseråd
I følgje Folkehelseinstituttet (FHI) finst det ingen legemiddel eller vaksine mot det nye koronaviruset.

FHI har følgjande råd til dei som er på reise:

  • God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring.
  • Personar som utviklar teikn på luftvegsinfeksjon i laupet av dei første 14 dagane etter heimreise frå områda der viruset er påvist, eller som har hatt nærkontakt med ein person som har testa positivt for viruset, bør ta kontakt med lege.
  • Studentar og andre som oppheld seg i Kina over ein lengre periode, bør følgje råd frå lokale helsemyndigheiter.

Dersom du oppheld deg i Kina, og ønskjer å returnera tidlegare enn planlagd, kan du ta kontakt med oss. Dersom du har spørsmål, ber vi deg ringje oss på telefon (+47) 915 03 850