Heile éin av fem nordmenn har logga inn med nokon andre sin BankID. Antakeleg har dei fleste gjort det i beste meining, til dømes for å hjelpa ein eldre familiemedlem, som kanskje ikkje er så stødig digitalt.

– Det er særleg dei eldste og yngste familiemedlemmane, som ikkje styrer eigen finans på nett, som kan trenga hjelp i nettbanken sin. Dei er gjerne ikkje klare over at dei ikkje må låna bort BankID-passordet og kodebrikka si, forklarar Ole Petter Aasen, som er produktsjef i BankID.

Om banken oppdagar at nokon andre har fått tilgang til BankID-en, blir han sperra. Dermed kan du faktisk skapa trøbbel ved å «hjelpa» på denne måten. Det er nemleg eit brot på avtalevilkåra – BankID-en er den digitale identiteten din, og skal ikkje delast med nokon.

Ole Petter Aasen, produktsjef i BankID.
Ole Petter Aasen, produktsjef i BankID. Foto: Vipps

Bli disponent

– Éin av fem nordmenn har lånt nokon andre sin BankID, seier Ole Petter Aasen. Til alt hell finst det alternative løysingar, som gjer at du ikkje treng å bryta reglane.

– Om du ønskjer å hjelpa til med rekningsbetaling, bør du bli disponent. Då får du tilgang til bankkontoen til den du ønskjer å hjelpa, gjennom din eigen nettbank, forklarar Aasen.

Kontoeigaren kan nemne opp éin eller fleire disponentar i nettbanken sin, eller så kan banken senda eit disponentskjema i posten.

– Løysingane varierer litt frå bank til bank, men det skal vera ein enkel prosess. Problemet er at mange ikkje er klare over at det er mogleg å bli disponent, seier Aasen.

Du kan òg sitja saman med den du ønskjer å hjelpa. Den som eig BankID-en kan logga inn og tasta passordet sitt, utan at du ser det, medan du rettleiar, forklarar han.

Når det gjeld andre tenester, til dømes helsenorge.no, er det mogleg å få fullmakt for å få tilgang.

Kan få store følgjer

Over fire millionar nordmenn brukar BankID, og dei aller fleste veit at BankID er privat. Likevel meiner fire prosent at det er i orden å dela passord og kodebrikke med andre, viser ei undersøking utført av Norstat på vegner av Vipps.

Å dela BankID med nokon ein stolar på, går bra i dei fleste tilfelle, men det kan få uheldige følgjer. Det finst òg fleire døme på svindelforsøk med BankID, der framande prøver å lura deg til å logga inn på ei falsk nettside, eller ber deg om å oppgi passordet ditt.

– Med BankID kan du i praksis ta over personen sin identitet: Du kan gjennomføra betalingar, søkja om lån, pantsetja bustaden, og få tilgang til ei rekkje helseopplysningar og offentlege tenester, seier Aasen.

Om du mistenkjer at BankID-en din blir brukt av nokon andre, bør du kontakta banken din med det same.

Om BankID

BankID har det høgaste tryggleiksnivået for innlogging i Noreg. For å få BankID må ein identifisera seg med pass i banken. Det gjer at dei ulike tenestene som brukar BankID kan vera sikre på at du er den du gir deg ut for å vera – samstundes som du kan stola på at personopplysningane dine ikkje kjem på avvegar.

Les meir om BankID og fleire nyttige tips her.