Valle Sparebank
Privat Bedrift
Bli kunde Logg inn

Ulike feilmeldinger du kan få på BankID

  • Kva tyder BID 1409?

    Det er brukt for lang tid på å fylla ut data for å fullføra transaksjonen. Her må du prøva på nytt.

  • Kva tyder BID 1437?

    BID-1437 – feil kode er tasta inn. Kontroller at du har rett kodebrikke og at du les kodebrikka rett veg. Trykk på kodebrikka for å få fram ny kode og prøv om att. Kontakt eventuelt kundesenteret.

  • Kva tyder BID 1439?

    BID-1439 – kodebrikka er sperra. Ring kundesenteret for å få opna sperra.

  • Kva tyder BID c167?

    Mobiloperatøren du nyttar kan ha sperra BankID på mobil. Det kan skje viss du til dømes har endra abonnementet, bytt SIM-kort eller mobiltelefon. Du løyser det ved å logga deg inn i nettbanken med BankID-brikke og bestilla BankID på mobil på nytt.

  • Kva tyder BID 2031, 2032, 2033, 2034, 20a1, 20a2, 20b0, 20b1?
    1. Sjekk at nettlesaren din er oppdatert
    2. Du kan ha for låg snøggleik eller ustabilt internett. Prøv omstart av modem/ruter og prøv på nytt. Viss internett er ok, prøv omstart av PC/MAC (det er ikkje alltid at ein legg merke til ustabilitetar, så vi tilrår i alle høve ein omstart av modem/ruter).
    3. 3) Prøv ein annan nettlesar
  • Kva tyder BID 5000, 5001, 5002, 5003?

    Lukk nettlesar og prøv på nytt. Dersom det ikkje fungerer, prøv med ein annan nettlesar.

  • Kva tyder BID 500a, 5007, 1118, 1299

    Prøv først å sletta mellombelse internettfiler. Lukk deretter alle vindauge, opn nettlesaren på nytt og prøv å logga inn. Alternativt kan du òg prøva ein annan nettlesar dersom du har det. Viss ikkje det hjelper, kan det vera lurt å starta modemet eller den trådlause ruteren på nytt.

Kontakt og lenkjer

Prisar

Du kan samanlikna prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.

Kontakt

Telefonnummer: 379 36060, E-post: post@valle-sparebank.no

  • Valle Sparebank på Facebook

Om oss

Org.nr: 937 893 922, SWIFT: VSPANO21XXX

Vi er tilknyttet agent av Eika Kapitalforvaltning, distributør av Eika Kapitalforvaltning, Forsikringsagent for Eika Forsikring, distributør av Eika Kredittbank, distributør av Eika Forsikring, distributør av Eika Boligkreditt

  • Personvern og informasjonskapsler
  • Tryggleik og antikvitvask
Til toppen
2021 © Valle Sparebank Ein lokalbank i