Hopp til innholdet

Kva er BankID, og kva blir det brukt til?

BankID har mange viktige funksjonar

BankID har mange viktige funksjonar

  • Du bruker det for å logge inn i mobil- og nettbank
  • Du bruker det for å endre beløpsgrense i Vipps
  • Du bruker det for å logge inn hos Lånekassen
  • Du bruker det for å logge inn på offentlege nettsider

Korleis får eg BankID?

For å få BankID må du kome innom oss i banken - hugs å ta med deg passet ditt. Foreldra dine (eller verjene) må også signere. Dei må også ha med seg pass eller nasjonalt ID-kort.

Etter at du har vore hos oss vil du motta kodebrikka di i posten, men den er ikkje aktiv enno. For å aktivere den må du nemleg inn i nettbanken. Her blir du bedt om å lage eit passord. Det er viktig at du bruker eit passord du ikkje har brukt før, at du hugsar passordet ditt, og at du ikkje deler det med andre.

Når det nye passordet er lagra, har du din eigen BankID. Pass godt på brikka di og legg den ein lur stad du ikkje gløymer.

Har du BankID frå før?

Kanskje foreldra eller verjene dine kjenner til passordet ditt? No som du er myndig er det viktig at du endrar passordet ditt slik at du er sikker på at ingen andre enn deg kjenner til BankID-passordet ditt! Du kan endre passordet ditt ved å trykke på menypunktet øvst til høgre i BankID-vindauget, og velje "Endre passord". Ta kontakt med oss dersom du treng hjelp til å endre passord, eller du ikkje hugsar kva passordet ditt er.

Hugs at

  • BankID er personleg - det er ditt digitale eg
  • BankID-passordet er eit passord du ikkje bruker andre stader
  • Del aldri BankID-passord med verken familie, vener eller andre du stoler på. Det gjeld også banken din eller politiet.
  • Ha kodebrikka di ein stad kun du veit om
  • Kontakt oss med ein gong dersom du trur at nokon kan passordet ditt, eller du har mista kodebrikka di

Spørsmål og svar om BankID

BankID-app er tryggare å bruke enn kodebrikka fordi du er betre beskytta mot svindel. Med BankID-app har du ikkje nokon kode å oppgi, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt avbryte dersom noko ikkje stemmer.

BankID-app er ein digital variant av kodebrikka. BankID-app er tryggare, enklare og betre enn andre BankID-metodar fordi den er basert på nyare teknologi. Med BankID-appen er du betre beskytta mot svindel fordi du ikkje har nokon kode å oppgi, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt avbryte dersom noko ikkje stemmer.

  • Ha kodebrikka (eller BankID på mobil) tilgjengeleg
  • Last ned BankID-app frå App Store eller Google Play
  • Følg anvisningane på skjermen.

 

Lurar du på noko undervegs?

Les alt om aktivering med BankID på mobil eller kodebrikke her

Les alt om aktivering med pass her

Les alt om aktivering med nasjonalt ID-kort her

Ved å bruke innlogging med ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk, vil du få ei endå betre brukaroppleving i BankID-appen, som samtidig ivaretek sikkerheit og personvern på ein trygg måte. Ei innlogging ved bruk av ansikt eller finger i BankID-appen tek under 10 sekund, medan det tek rundt 20 sekund å logge inn med passord.

BankID har oversikt over dei ulike feilmeldingane og tips til kva du kan gjere dersom du får ei feilmelding. Sjå oversikta her.