Velkomstkampanje for alle nye kundar. Har du enno ikkje skaffa deg Eika Kredittkort? Då har du ei god høve til å søkje om kortet no og få 20 % rabatt på strømmetenester ut juni. Kampanjen gjeld for alle som får kredittkort innvilga i perioden 1. mars - 30. juni 2024.

Slik får du rabatten
Du kan opptena rabatt på alle strømmetjenester registrert med ein av følgjande bransjekodar:

  • 4899 – Kabel, satellitt og andre tv- og strømmetjenester
  • 5815 – Digitale medium, bøker, film og musikk
  • 5818 – Digitale medium, anna
  • 5968 – Direkte marknadsføring, abonnementstenester
  • 5735 – Plate- og musikkbutikkar

Husk at du må melde deg inn i rabattprogrammet og betala med ditt Eika Kredittkort for å få rabatten. Påmeldinga finn du i mobil- og nettbanken. 

Det viktige med den vesle skrifta
Alle brukarstader er registrerte med ein bransjekode i Visa nettverket sitt. Dette for å gjera tydeleg kva kategori brukarstaden tilhøyrer. Vi står ikkje ansvarleg for eventuelle feilregistreringar som fører til utevorten rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar.

Du kan maksimalt opptena 500 kr i rabatt per månad, og 2 500 kr per kalenderår. Beløpsgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året.

Når kjem pengane på konto?
Rabatten blir utbetalt automatisk til kredittkortet ditt månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversyna i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din, så får du oversyn over kva du har spart. Hugs at det alltid lønner seg å betala heile fakturaen ved forfall.

Enno ikkje fått kredittkort frå oss?
Det er ikkje for seint å søka og få gode rabattar i tida framover.

God streaming!