Kanskje er du kjent med at nokre kredittkort tilbyr bonus og poengopptjening når du bruker kredittkort. Nokon har spesielle kort som dei bruker berre når dei handlar mat, fyller drivstoff eller når dei er ute og reiser. Vi meiner at det er enklare å ha eitt einaste kredittkort med gunstige fordeler som du kan bruka akkurat kvar og når du vil. Du som har Gold kredittkort har no moglegheit til å oppgradera kortet ditt slik at du kan samla bonus på varekjøp i både inn- og utland, på nett og en strømmetjeneste og dessutan få inkludert ein kjøps- og prisgarantiforsikring.

Slik fungerer det

Ved å oppgradera kredittkortet ditt med Hverdagspakken for 59 kr per månad får du tilgang til ei rekke fordeler. Kvar gong du trekker kortet i ein fysisk butikk eller i ein nettbutikk tener du automatisk bonuspoeng. Alle kjøp i norske kroner gir deg 1 % bonus, medan alle kjøp i valuta (t.d. når du handlar på ferie i utlandet eller i ein utanlandsk nettbutikk) gir deg 1,5 % bonus. Bonusen er avgrensa oppover til maks 5000 kr/år (2500 kr i NOK og 2500 kr i valuta). Når som helst kan du velja å få bonusen utbetalt til kredittkortet ditt – og den er du sjølvsagt fri til å bruka til akkurat det du vil.

Strømming og god-deal-garanti

Oppgraderinga vil òg gi deg 20 % bonus på en strømmetjeneste (opptil 20 kr/mnd). Viss du t.d. betaler ditt Spotify eller HBO Nordic-abonnement med kredittkortet så vil du automatisk få 20 kr i bonus kvar månad. Du får òg ein kjøps- og prisgarantiforsikring som t.d. dekker tap som ikkje er selvforskyldt eller skadar på varekjøp over 1 000 kr, og dessutan prisforskjellen mellom ein vare du har kjøpt og ei heil lik vare du finn rimelegare i ein annan butikk. På den måten er du sikra mot å gjera ein dårleg deal!

Når du samlar flypoeng kan det fort ta litt tid før du får nok poeng til å innfri draumen om turen til New York på førsteklasse. Ofte hamnar du som regel i Bergen før den tida. Poenga du sparer med Eika Fordel får du utbetalt som ekte pengar, og dei kan sjølvsagt brukast til å betala flybillettar, oppgradera flysetet ditt, shoppa – eller kva enn du måtte ønska.

Oppgrader og spar litt kvar gong du bruker kortet du òg.