Måten vi handlar på, eller nærare bestemt, måten vi betaler på har endra seg betydeleg den siste tida.

Nordmenn flest har slutta å bruka setlar og mynter – faktisk viser World Payments Report for 2019 at ingen land i verda har så mange kontantløse betalingar per innbyggar som oss – og no er mange i ferd med å legga vekk kortet òg.

Framveksten av nye betalingsløysingar er med på å gjera kvardagen enklare for folk flest, og som banken din leggar vi til rette for at du kan vera med på utviklinga. Slik kjem du i gang med dei nye betalingsløysingane:

Google Pay

Vi prøver heile tida å utvikla teknologi som gjer at du som kunde kan ta i bruk nye betalingsmåtar, og dette er det ferskaste tilskotet i rekka. Alle som har bankkort eller kredittkort frå oss kan betala med Google Pay. Det betyr at du kan bruka Android-mobilen din til å betala for varer i butikkar som støttar kontaktløs betaling. For å komma i gang treng du berre å lasta ned Google Pay-appen og legga til kortet ditt. Enkelt og greitt!

Last ned Google Pay her

Vipps

Sjansen er stor for at du allereie har Vipps på mobilen og bruker den aktivt til vennebetaling. Vipps i kombinasjon med bank- og kredittkortet frå banken din er perfekt for enkel og rask betaling i små kioskar, fotballcupar, loddsalg og kjøp på nett og i app. . Du kan læra meir om dette her.

Last ned Vipps til Android

Last ned Vipps til iPhone

Kontaktlaus betaling med kort

Noreg er i ferd med å bli eit kontantløst samfunn, og mykje av grunnen kan tilskrivast kontaktløs betaling. Det gjer det nemleg mykje enklare å bruka bankkort og kredittkort til å betala store og små beløp. Alle bankkorta og kredittkortet våre er sjølvsagt klargjort for kontaktløs betaling – det vil seia at det sit ein ørliten radiosendar i kortet som kommuniserer med betalingsterminalen. Du tæpper berre kortet ditt mot terminalen, og eit halvt sekund seinare er transaksjonen fullført.

Akkurat no i desse koronatidene tilrår òg både styresmaktene og butikkane at ein tæpper framfor å setja inn kortet. På denne måten unngår du unødvendig kontakt med betalingsterminalen og avgrensar moglegheita for smitta.

No kan bruka bankkortet ditt med BankAxept opptil den nye grensa på 500 kroner (tidlegare 400 kroner). 

Klokkebetaling

Har du ein smartklokke frå Fitbit eller Garmin, og bankkort eller kredittkort frå oss? Då kan du betala kontaktløst med smartklokken din. Perfekt for ein liten handletur på veg heim frå trening, eller når du har gløymt lommeboka og mobilen heime. Smartklokkene bruker Near Field Communcation (NFC) for å gjennomføra kontaktløse betalingar. Alt du treng å gjera er å tæppe klokka mot betalingsterminalen.

Slik kjem du i gang med klokkebetaling

Tek du handelen på nett?

For tida vel stadig fleire av oss å fylla opp handlekurven på nett ettsom ein del av lokalbutikkane i nærmiljøet vårt er stengt og ein blir oppmoda til å unngå stader der menneske samlast (f. eks kjøpesenter). Ein hovudregel ved netthandel er at betalinga helst bør skje med kredittkortet. Då får du gode reklamasjonsrettar dersom varet du har bestilt aldri dukkar opp i posten eller viser seg å vera feil.

Fleire gode tryggingstips finn du på vår side om kortsvindel. Sjå filmane og lær meir.