BankID på mobil

Når du har aktivert BankID på mobilen din vil du fort oppdage kor lettvint det er å sleppe kodebrikka. Du kan trygt utføre all betaling frå mobilen, samt sende og motta sensitiv informasjon mellom deg og offentlege føretak, som Skatteetaten og NAV, for å nemne nokre.
  • Du slepp kodebrikka
  • Stadfest betalingar og avtalar med mobilen
  • Like sikker som kodebrikka
  • Logg inn på offentlege nettsider
Opprett BankID på mobil

Slik kjem du i gong

Så enkelt opprettar du BankID på mobil:

  1. Ha kodebrikka og pc-en tilgjengeleg
  2. Trykk Opprett BankID på mobil på knappen ovanfor eller i nettbanken
  3. Følg rettleiinga på skjermen. Du vil få svar på det du lurer på undervegs

Også kjekt å vite:

  • BankID på mobil opprettast i den banken som gav deg kodebrikka.
  • Framleis er brikka det einaste alternativet for pålogging enkelte stader. Ta vare på ho.
  • Nokre mobiloperatørar kan ta seg betalt for bruk av tenesta. Spør din mobiloperatør dersom du lurer på kva som gjeld for deg.

BankID - din elektroniske legitimasjon

Forskjellen på brikke og mobil?