Vi er ved di side i desse krevjande tidene, og jobbar saman med deg for å finna løysingar som kan redde bedrifta di, livsverket ditt eller arbeidsplassen din. Her finn du informasjon om sentrale tiltak frå styresmaktene

 

Statsgaranterte likviditetslån

Regjeringa innførte ved starten av pandemien eitt tiltak retta mot næringslivet der staten garanterer for nye likviditetslån du som bedrift søker hos oss. Denne statsgarantien dekker 90 prosent for nye lån til små- og mellomstore bedrifter (SMB) som er ramma av korona-epidemien. Ordninga har i utgangspunktet ei ramme på 50 milliardar og skal bidra til at levedyktige bedrifter kan få tilgang til likviditet når dei blir ramma av tiltak som skal hindra smittespreiing. 12. november vedtok Finansdepartementet at garantiordninga blir forlenga til sommaren 2021, i tillegg blir det opna no for at lån under ordninga kan ha ein løpetid på inntil seks år. 

Styresmaktene har vel å merka stilt fleire krav til bedriftene som kan søka om statsgaranterte likviditetslån
 

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld for bedrifter:
 
  • Lånegarantiordninga er reservert for eksisterande kundar
  • Ordninga stiller krav om at bedrifta skal vera lønnsam under normale marknadsforhold og levedyktige på sikt 
  • Bedrifter med økonomiske vanskar per 31. desember 2019 vil ikkje få tilgang til likviditetslån
 

Kor mykje kan bedrifta mi søkje om?

Samla likviditetslån til kvar bedrift kan ikkje overstige:  
  • Meir enn to gonger lønnskostnadene for bedrifta i 2019 eller 25 % av omsetninga til bedrifta i 2019
  • Totale lån til små og mellomstore bedrifter kan ikkje oversige 50 millionar (bedrifter med færre enn 250 tilsette og omsetning på mindre enn 492 millionar eller årsbalanse mindre enn 423 millionar kroner)
  • Totale lån til store bedrifter kan ikkje utgjera meir enn 150 millionar kroner

Kva er nedbetalingstida og kva for vilkår gjeld?

Nedbetalingstida for lån under ordninga er maksimalt 6 år, og gjeld nye lån som blir innvilga fram til og med 30. juni 2021. Lengda for løpetid vart endra 12. november, tidlegare var denne sett til tre år. Endringa kan gjelda både for nye og gamle lån under ordninga. I tillegg blir stilt følande vilkår: 
  • Likviditetslånet kan ikkje nyttast til refinansiering eller innfrielse av eksisterande lån.
  • Bedrifta må betala ein garantiprovisjon til staten på 0,5 prosent av garantien staten stiller til lånet. Denne garantiprovisjonen aukar frå år fire til seks med 1 prosent for små og mellomstore bedrifter og 2 prosent for store bedrifter. 
  • Bedrifta har i utgangspunktet ikkje høve til å ta ut utbytte i låneperioden

Korleis kan eg søkje om likviditetslån garantert frå staten?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg med søknaden  

Bruk gjerne denne malen til likviditetsbudjett (xlsx) som vedlegg i søknaden dersom du ikkje har eit anna oppsett for budsjett

 

Ny kompensasjonsordning

Regjeringa varsla 10. november ei ny kompensasjonsordning på inntil 5 milliardar for bedrifter med stort omsetningsfall som følgje av koronapandemien. Ordninga gjeld for dei same næringane som den førre kompensasjonsordninga, og er open for føretak med meir enn 30 prosent omsetningsfall som følgje av koronapandemien. Brønnøysundregistera skal forvalta den nye ordninga, og det blir jobba med å setja opp ein søknadsportal som vil vera open frå januar. Sjå faktaboks under for meir informasjon.

 

Gammal kompensasjonsordning

Kompensasjonsordningen som vart etablert i april vart lansert for at staten skulle hjelpa bedrifter som var ramma av koronapandemien. På lik linje som ny ordning gjekk denne ut på at staten dekte ein del av dei faste kostnadene for bedrifter som har betydeleg nedgang i omsetning og inntekt som følgje av pandemien og smittevernstiltakene. Bedriftene kunne søka støtte gjennom ein sentral digital portal. Portalen og informasjonen til staten om ordninga finn du her: www.kompensasjonsordning.no

Søknadsfristen for denne kompensasjonsordninga var 31.10.2020. Men har du allereie har søkt om kompensasjon kan du framleis endra dersom du har oppdaga feil eller manglar i søknaden du har sendt inn