Innhald
Mobilbank Bank i hånden
No er mobilbanken blitt enklare å bruke for deg. Vi har fjerna menyen og erstatta den med fire hovudinngangar i toppen.

Dei fire hovudinngangane vil vere:

Oversikt – Dette er opningssida i mobilbanken og viser saldo på kontoane din. Her vil du også sjå kredittkorta dine og kor mykje kreditt du har at.

Betale – Her går du for å betale, overføre pengar mellom kontoane dine, sende pengar med SnapCash. I tillegg vil du her få oversikt over eFakturaer og betalingar som skal godkjennast. Å godkjenne eFaktura og overføre mellom kontoar kan du framleis gjere med drag’n’drop.

Kontakt oss- her finn du kontaktinformasjon til kundesenteret vårt og til rådgjevaren din i banken. Har du behov for å sperre korta dine blir dette gjort her .

Produkt – Her får du oversikt over låna, forsikringane og fonda dine og du kan også kjøpe produkta her. Forsikringskort, veghjelp og korttenester finn du også her.



Ny funksjonalitet

Du kan no riste på telefonen for å logge ut. Ganske gøy synest vi!

Du får oversikt over betalingsavtalen din; eFaktura, faste betalingar og overføringar i mobilbanken. eFaktura, betalingar som må godkjennast og SnapCash-betalingar får du varsel om både i hovudinngangen i toppen og i kvart element på betalingssida

Du kan også velje å sjå siste transaksjonar på dine mest brukte kontoar på opningssida.

Hugs å oppdatere mobilbanken for å få med deg nye endringar!