1. Kva er Eika Aksjesparekonto?
Det er ein konto der du kan samla alle aksjefonda dine (dvs. verdipapirfond med aksjedel på 80 prosent eller meir). Med ein aksjesparekonto hos oss kan du kjøpa og selja aksjefond utan å løysa ut skatt undervegs så lenge du ikkje tek ut gevinsten frå kontoen. Det kostar ingenting å oppretta ein aksjesparekonto hos oss.

 

2. Kva inngår i Eika Aksjesparekonto?
Med ein aksjesparekonto hos oss kan du samla alle aksjefonda dine som er registrerte innanfor EU/EØS, på éin stad. På sikt vil du også mest sannsynleg kunne overføre dine børsnoterte aksjar og eigenkapitalprov innan EU/EØS til kontoen.


3. Kva har dette å seie for meg?
Innføringa av aksjesparekonto gjer det enklare for deg å spara i aksjefond – den sparemetoden som historisk sett har gjeve høgare avkastning enn banksparing:

  • Ta ut heile summen du har sett inn – skattefritt
  • Sel eller byt aksjefond utan å skatta undervegs
  • Betal skatt først når du tek ut gevinsten frå aksjesparekontoen

4. Når bør eg flytte aksjefonda mine over til aksjesparekonto?
Jo før, dess betre, men seinast ved utgangen av 2018. Fram til då kan du nemleg flytta alle aksjefondspartane med urealiserte gevinstar over på aksjesparekontoen utan å løysa ut skatt. Dersom du har eit urealisert tap på investeringa di, bør du vurdera å venta til over nyttår med å flytta eigarpartane dine.

 

5. Eg har tap på sparinga mi - bør eg flytte aksjefonda mine til ein aksjesparekonto?
Både ja og nei.
Dersom du flytter aksjefonda dine til ein aksjesparekonto innan 31.12.18 vil dette skje "skattefritt", dvs. utan at overføringa reknas som ein skattemessig realisasjon. Du vil då ikkje få frådrag for eit eventuelt tap i skatteoppgjeret for 2018, men inngangsverdien din vil vidareførast inn på kontoen og den vil dermed kome til frådrag fyrst når aksjesparekontoen din på eit framtidig tidspunkt blir avvikla.

Dersom du derimot ventar til etter årsskiftet vil overførselen reknas som ein skattemessig realisasjon, med tilhøyrande tapsfrådrag i skatteoppgjeret for 2019.

På generelt grunnlag er det ikkje mogeleg å seie kva du bør gjere så vi oppmodar deg til å vurdere kva som passar best for deg - og eventuelt søkje fagleg hjelp.

 

6. Når betalar eg skatt?
Det er først når du har teke ut meir pengar av aksjesparekontoen enn du har sett inn (dvs. den innskotne pengesummen din), at du må betala skatt. Frå og med 1. januar 2019 vil ei overføring frå ein verdipapirkonto til ein aksjesparekonto bli rekna som realisasjon av skatt. Dette vil seia at det vil løysa ut gevinstskatt/skattefrådrag avhengig av om du har gevinst eller tap på aksjefondet ditt.


7. Korleis opprettar eg aksjesparekonto?
Aksjesparekontoen er gratis og tilgjengeleg for alle privatkundar, og du kan enkelt bestilla han via mobilbank eller nettbank. Følg oppskrifta for mobilbank eller nettbank dersom du sparar i fond frå før:

Slik opprettar du aksjesparekonto


Psst! Eig du enkeltaksjar utanom fond? Desse kan du overføra til aksjesparekonto hos samarbeidspartnaren vår Norne Securities.

 

Ikkje komen i gang med fondssparing endå?
For deg som vil spara langsiktig og ønskjer høgare gevinst enn ved å ha pengane på konto, er fondssparing perfekt.

  • Gjev høgare verdistigning på pengane enn banksparing
  • Pengane blir passa på av ein profesjonell forvaltar, slik at du oppnår høgast mogleg verdistigning
  • Redusert risiko samanlikna med å ha enkeltaksjer

Sjekk fonda våre og begynn å spara