- Det er aldri kjekt å stå arbeidslaus, men inntektsforsikringa tek bort ein del av stressfaktoren ved å stå utan jobb. Du kan leva som vanleg, treng ikkje å flytta ut av huset, og kan søkja nye jobbar utan å ha det økonomiske hengande over deg, seier Didrik Stensrud, produktsjef i Eika Forsikring.

Forsikringa er fleksibel og lett å stilla seg til, forklarar han:


- Dersom du på førehand har valt ein forsikringssum på 10 000 kroner, får du 10 000 kroner utbetalt kvar månad du er arbeidsledig, i inntil eitt år.

Kva med dagpengar?

Dagpengane frå NAV blir berekna på bakgrunn av det du hadde i lønnsinntekt i fjor (eller snittet av dei tre siste åra), og utgjer berre rundt 62 prosent av inntekta før skatt.

- Det trur eg ikkje alle er klare over. Viss du tener 500 000 kroner i året, vil du få rundt 312 000 kroner i dagpengar. Med andre ord ein reduksjon på 188 000 kroner, seier Stensrud.

Kalkulator: Rekn ut kva du får utbetalt om du blir arbeidslaus

Dekkjer òg permittering og kreft

Inntektsforsikringa dekkjer òg tap av inntekt dersom du blir permittert eller blir ramma av kreft.
- Ved vondarta kreft får du ein større eingongssum og månadlege utbetalingar fram til du totalt har fått 500 000 kroner, forklarar Didrik Stensrud.

 

Lett å kjøpa

Er du mellom 18 og 60 år, og jobbar fast minst 16 timar per veke? Då er du kvalifisert for forsikringa og er berre eit tastetrykk unna ei tryggare økonomisk framtid.

- Alt du treng å gjera er å logga inn i mobilbanken eller nettbanken og tinga derfrå, avsluttar Stensrud.

Les meir og kjøp inntektsforsikring her

Quiz: Veit du kva tala fortel? Derfor er personforsikring viktig for deg.