Bruk av 3D Secure løysingane sikrar at det er alltid du som korteigar som faktisk betaler med kredittkortet, og på denne måten reduserer faren for misbruk. Det er viktig å notera seg at det er butikkane sjølv som vel å bruka 3D Secure eller ikkje. Det betyr at du som kunde, vil framleis oppleva nettbutikkar som ikkje krev denne typen godkjenning før dei stadfestar kjøpet.

Slik betaler du med SMS-kode

1. Legg inn kortnummer, utløpsdato og CVC koden på kredittkortet ditt og vel betal.
2. Vel å stadfesta betalinga med SMS-kode

3. Du vil få ein engangskode på mobilen din. Koden blir send til mobilnummeret som er registrert hos oss og er gyldig i 20 minutt.
4. Ønsker du å legga inn nytt mobilnummer eller endra han du allereie har, dette gjer du enkelt i nettbanken. 

Ønsker du fleire gode tips om korleis du kan unngå svindel på nett, ta ein titt på tilrådingane våre!