Innhald
Eikas mål med Vipps er å sikre lokalbankkundane enkle og framtidsretta betalingstenester. Foto: Getty Images 2017 ©

- Det er ei stor glede å informere om at vi har inngått ei intensjonsavtale med DNB som inneber at vi saman skal vidareutvikle Vipps som heile Noregs mobile lommebok, seier konsernsjef Hege Toft Karlsen i Eika Gruppa.

- Vi trur det er på tide med éi løysing – éin sterk og tydeleg leverandør. Eit endå sterkare Vipps vil gi den beste og enklaste betalingsløysinga for norske bankkundar.

Det klart beste alternativet
Eikas mål er å sikre lokalbankskundane enkle og framtidsretta betalingstenester.

- Vår vurdering er at denne løysinga tener våre kundar klart best. No kan vi tilby endå betre og meir heilskaplege tenester med Noregs mest populære mobilbetalings-app. I tillegg vil samarbeidet gjere det enklare å utvikle nye produkt til lågast mogeleg pris, seier ho og forklarar:

- Å samle all kompetanse og teknologi i eitt sterkt norsk selskap vil tvillaust bidra til meir innovasjon som kjem kundane våre til gode.

Rullar ut tenest så fort som mogeleg
Vipps-samarbeidet er også bra for bedriftskundane. Og alle kundar som i dag brukar mCASH eller SnapCash blir invitert med over til den nye fellesløysinga.

- Det vil ta litt tid før alt det formelle er på plass. Vi tar med oss det beste og jobber med å finne ei løysing som gjer at vi kan rulle ut tenesta til alle våre kundar så fort som mogeleg, avsluttar konsernsjefen.