- Utan BSU-sparinga hadde det vore mykje vanskelegare å kome inn på bustadmarknaden, fortel 23 år gamle Brede Owesen.

Like før jul i fjor blei han den stolte eigaren av ein 60-kvadrats treromsleileghet i Bergen, kor han studerer på sjøkrigsskulen.

- Nøkkelen til å kome tidleg inn på bustadmarknaden er rett og slett å starte sparinga tidleg. Eg begynte BSU-sparinga i 2012, då var eg 19 år. I tillegg har eg prvød å spare jamt og trutt. Når eg har hatt moglegheita til det, har eg sett inn maksbeløpet på 25.000 kroner allereie i januar. På den måten dreg eg også nytte av den høge renta gjennom heile året, forklarer Owesen.

LES OGSÅ: Slik blir du ein BSU-vinnar

Viktig eigenkapital
BSU står for Boligsparing for ungdom, og er eit tilbod for deg som er under 34 år. Du kan spare inntil 25.000 kroner i året, og kan totalt spare 300.000 kroner på kontoen. Du får den beste renta til banken, og får i tillegg skattefrådrag på alt du sparar.

Owesen meiner i tillegg at det er ein stor fordel at BSU-sparing er øyremerkt bustad.

- Sparar du berre i vanleg konto, er det fort gjort å bruke opp pengane på noko anna når du er «i nød», noko ein ofte er som student. Pengane eg set inn på BSU-konto kunne berre brukast på bustad, ikkje ferieturar eller andre ting. I tillegg tek du eit slags standpunkt ved å opprette kontoen, i alle fall fekk eg ei grunnhaldning som sa at maksbeløpet skal settas inn kvart år. Og på den måten tok det ikkje lang tid før eg hadde 100.000 kroner, smiler han.

Vil du spare i BSU? Start her

Ekstra bonus
Den nybakte bustadeigaren er frå Oslo, og bur i Bergen. Bustadlånet har han hos sin lokalbank i Hallingdal, som er medlem i Eika Alliansen.

- Kvifor akkurat der?

- Rett og slett fordi eg har ein rådgivar som eg kjenner der. Då kan eg berre ta ein telefon om det er noko eg lurer på, og eg veit at det er nokon som bryr seg i andre enden. I det heile teke er opplevinga mi med banken berre positiv. I lokalbanken er dei tilsette tettare på deg, og yter ein service som ein kanskje ikkje vil oppleve i ein større bank, avsluttar Brede Owesen.

Sjå kunderådgivar Eirik Andresen Hæhres tips om BSU-sparing i videoen under.