Valle Sparebank er lovpålagd etter kvitvaskingslova å innhente og kontrollere legitimasjonsdokument i samband med etablering av kundeforhold. Me er også pålagd i ein løpande kundekontroll å innhente ny dokumentasjon, der det viser seg at tidligare dokumentasjon er manglende eller for dårleg.

Kva type legitimasjon må framvisast?

Sjølv om du har vore kunde hjå oss i mange år, eller akkurat har starta eit kundeforhold, er det viktig at du er rett legitimera. Dette er for din eigen tryggleik. Med oppdatera informasjon er du betre sikra mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet. Me tilrår til at alle kundar legitimerer seg med gyldig pass. Har du ikkje pass kan du legitimere deg med annan gyldig legitimasjon som f.eks førarkort.

BankID

For å kunne ha BankID er det krav om at ein må legitimere seg med gyldig pass og personlig oppmøte. BankID er din signatur i form av ein elektronisk ID og det vert difor stilt strengare krav til legitimasjonskontroll ved oppretting. Banken nyttar Keesing-skanner for sjekk/lagring av gyldig ID.

Nettbank/Mobilbank

I tillegg til krav om legitimering, vil fleire av våre kundar og oppleve å måtte svare på nokre spursmål om kundeforholdet sitt ved innlogging i nettbanken/mobilbanken. Dette er også ein del av den lovpålagde oppfølginga av våre kundar.