I Valle Sparebank er me opptekne av kva kundane meiner om oss, og har difor engasjert Norsk Gallup til å gjennomføre ei kundeundersøking. Du vert invitert til å deltake gjennom ein e-post i løpet av dei næraste dagane.

Undersøkinga tek om lag 8-10 min og du er naturlegvis garantert anonymitet. 

 

Alle som deltek er med i trekninga av 10 gåvekort med verdi på kr 1 000.

Det er sjølvsagt heilt friviljug, men me håpar du vil deltake i undersøkinga.

 

Undersøkinga vert gjennomført i perioden 15.januar-16.februar.